Ved sandelva

Ei elv, ein skog, ein kunstmålar, to husvogner og ei rad oppgjer med fortida. Det er ramma kring Gyrdir Elíassons "pastoralsonate" om mennesket mellom natur og kultur. Forteljinga minner om Henry David Thoreaus Walden og Edward Abbeys Desert Solitaire under Kvang Tzes motto: "Alle kjenner nytten av det gagnlege, men ingen skjønar nytten av det gagnlause." Samspel mellom melankoli og audmykt gjev ofte grunntonen i islandsk diktning. Knapt nokon stad kling han klårare enn i Gyrdir Elíassons kvardagsnære, men tvibotna lyriske prosa med utsyn frå høgare leite mot det som tyder mest i livet og kunsten. Hans språklege minimalisme har rom for både spøk og spøkeri.

    Gyrðir Elíasson: Ved sandelva
  • Forlag: Bokvennen Forlag AS
  • Utgivelsesår: 2013
  • Kategori: Prosa
  • Originaltittel: Sandárbókin
  • Oversetter: Oskar Vistdal
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • Antall sider: 127
  • ISBN: 9788274883222
  • Innbinding: Innbundet