Dikt i samling

399,-

Med denne jubileumsboka blir heile Jon Fosses diktforfattarskap presentert, saman med tidlegare upubliserte dikt. Jon Fosse er den mest spelte europeiske dramatikaren i si samtid, og er også den norske dramatikaren ved sida av Ibsen som er mest spelt.

Frå Fosses skodespel til lyrikken hans, er vegen ikkje lang, og diktsamlingane hans er i seg sjølve gode inngangar til ein av våre viktigaste og mest originale forfattarskapar.

ser du eit hjarte
langs vinden, ein song
frå dei utsungne stunder, ein farge som kviler
i ustrekte kveldar
lange
som lyset

frå uroa vår, langt

derinne
søker eg

åleine, og trygg

 

Andre kunder kjøpte også: