Monstertanta

149,-

Julie står framfor sitt livs verste sommar. Foreldra drar til Kreta for å prøva å redda ekteskapet, medan Julie blir sendt på landet for å bu hos tanta si som hatar barn.
Monstertante har sine heilt eigne metodar for å få barn til å eta sunt og jobba hardt, og då Julie trur at livet ikkje kan bli stort verre, hamnar ho med ansiktet ned i ein rykande fersk kubæsj. Ein dag bestemmer ho seg for å rømme. Men midt oppi i denne verste sommaren finst det ein del lyspunkt. Julie får ei venninne, som veit om ein fin badeplass, og av Monstertante får Julie ansvaret for sin eigen kalv. Ho er først redd for kalven, men etterkvart blir dei gode venner. Monstertanta er ei bok som handlar om å lære å kjenne både dei ein likar og dei ein ikkje likar. Frå 10 år.