Skrifter

399,-

Det er ein sensasjon når Karin Moe kjem med si første bok på 11 år. Med sitt særeigne språk og blikk deler ho av sine lesingar av norsk skjønnlitteratur og forfattarskapar, bibeltolkingar, kyrkjepreikar og samfunnskommentarar. Sigrid Undset, Eldrid Lunden, Karl Ove Knausgård, Hanne Ørstavik, Agnar Mykle – og også Karin Moe sjølv! – er blant dei ho tek for seg. Tekstane spenner frå tema nært i tid, som fredspris og finanskrise, til overblikk over Hans Nielsen Hauge som forleggar og nynorsk lyrikk frå Aasen til Hauge. Frekke, men sanne småtekstar om Martin Kolbergs freudianske forsnakkingar, kroppsspråket til Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenbergs monotone talestil er med på å krydre boka. Tekstane er skrivne frå tidleg på 90-talet og fram til i dag.

Karin Moe (f. 1945) er forfattar og litteraturkritikar. Ho debuterte med tekstsamlinga Kjønnskrift (1980), og har i seinare bøker markert seg som ein av de mest bevisst eksperimenterande blant nyare norske forfattarar, med impulsar både frå postmodernisme, feministisk litteraturkritikk og moderne psykoanalytisk teori.

 

    Karin Moe: Skrifter
  • Forlag: Det Norske Samlaget
  • Utgivelsesår: 2012
  • Kategori: Essay
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • ISBN: 9788252180657
  • Innbinding: Innbundet

Av samme forfatter: