Vente, blinke: Eit perfekt bilete av eit personleg indre

149,-

Vente, blinke er ein roman med fleire historier. Vi møter den unge og noko forknytte litteraturstudenten Sigrid og hennar skjelsettande møte med forfattaren Kåre, filmregissøren Linnea som skal på locationjakt i København, performancekunstnaren Trine som slit med mjølkespreng, og ikkje minst Viggo, nok ein litteraturstudent, som lengtar inderleg etter å høyre saman med nokon eller noko. Fiskehandlardattera Elida, filmprodusenten Robert og litteraturprofessoren Göran spelar også sine roller i denne bunten av skjelvande og tidvis desperate karakterar.

Gunnhild Øyehaugs roman er både brei og kompleks. Ho er ein leikande og sprelsk forfattar, og Vente, blinke er både humoristisk og djuptloddande. Dette er ein roman om drift og draumar, kvinner og menn, om kjærleik og om kva det vil seie å våge å vere seg sjølv.

Om Vente, blinke

«Ho ser på samtida og på karakterane sine med kjærleg ironi og snert, men òg med innleving og medkjensle - for det er eit krevjande samfunn og ei krevjande tid vi lever i - og det er ikkje så lett korkje å skape seg eit godt liv eller å tore vere den ein eigentleg er, for ikkje å snakke om å gjere det ein eigentleg vil gjere [...] Dette er korkje draum eller røynd, dette er litteratur -- slik det skal vere i gode romanar. [...] ein godtepose og ei russisk dokke av ein roman.» – Juryen for Nynorsk Litteraturpris 2008

«Du verden for en bok. Påhittig og sprelsk, både språklig og innholdsmessig. Kanskje er dette årets norske roman.» – Terje Stemland, Aftenposten

«Strålende og stilsikkert. Imponerende, kraftfull og morsom romandebut!» – Anne Schäffer, Bergens Tidende

«Gunnhild Øyehaugs romandebut er et av denne bokhøstens absolutte høydepunkter.» – Annette Orre, Dagsavisen

«Gunnhild Øyehaugs romandebut er sprek og lett å like.» – Maya Troberg Djuve, Dagbladet

«Er dette «eit perfekt bilete av eit personleg indre» som undertittelen reklamerer med? Slike spørsmål gjer det moro å lese. Kva så med alle dei litterære namna? Dei er såpass absurd dandert at einkvar kan gruble over dei eller la det vere. Vente, blinke er dermed ein eksklusiv roman som ønskjer alle velkomne inn. Ein perfekt kombinasjon.» – Marta Norheim, NRK P2

«Vilter hverdagsmoro. Selv ikke den påfallende mangelen på handling er nok til å gjøre denne romanen kjedelig.» – Espen Grønlie, Morgenbladet

«Vente, blinke er en sjeldent ambisiøs roman.» – Mattis Øybø, Klassekampen

«Vakkert om å se nye sammenhenger, skape forbindelser, og om å tørre å stå stille.» – Linda Kaspersen, Adresseavisen

«Scene for scene er den nye romanen til Gunnhild Øyehaug stundom svært god, morosam, skarp og på same tid var og omsynslaus. Det som bind situasjonane saman, er utruleg.» – Odd W. Surén, Dag og Tid

«Sterk romandebut.» – Hans Pareliussen, Sunnmørsposten

«Vittig og teatral.» – Charlotte Myrbråten, Bergensavisen

«Det skal difor ikkje forundre meg om Vente, blinke vert det som plasserer ho høgt oppe blant godt etablerte og omtalte forfattarar her til lands. Ho har allereie blitt teke opp i to store bokklubbar, og er booka til fleirfoldige litteraturevents. Dette luktar litterært gjennombrot.» – Kristin V. Haugland, Studvest.no

«Gunnhild Øyehaugs roman Vente, blinke vil bli stående som en av høstens beste norske romaner.» – Hamar Arbeiderblad

«Gunnhild Øyehaug er ute med sin første roman, den er sprelsk, absurd, kraftfull og en morsom romandebut, og ja, den er trolig årets norske roman.» – Tor Erlend Nordhuus, Raseri.nu

«Gunnhild Øyehaugs første roman er rett og slett svært god litteratur som etterlater leseren berørt og klokere enn da lesinga starta.» – Elin Lindberg, Nationen

«Gleda ved prosjektet er så stor og gjennomføringa så smittande at eg gjerne blir med på ferda.» – Jan Askelund, Stavanger Aftenblad

«Morsom og rik romandebut.» – Stefan Andreas Sture, Sarpsborg Tidende

«Hun skildrer personene med en varme og en klokhet som gjør at jeg gleder meg til neste utgivelse.» – Solgunn Solli, Altaposten

«Dette er uslåelig godt laga, Gunnhild Øyehaug. Elegant humor.» – Kirsten Viker Lunde, Oppland Arbeiderblad

«Vente, blinke er en bevegende tekst som engasjerer leseren. Den er tidvis også hysterisk morsom.» – Jan-Olav Glette, Natt & Dag

Les et utdrag fra boken

Om Gunnhild Øyehaug

Nøkkelord: Prosa Roman

    Gunnhild Øyehaug: Vente, blinke: Eit perfekt bilete av eit personleg indre
  • Forlag: Kolon Forlag
  • Utgivelsesår: 2009
  • Kategori: Poesi
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • Antall sider: 272
  • ISBN: 9788205392946
  • Innbinding: Heftet

Andre kunder kjøpte også: