Dei hundre tusen stadene

Kom, gi deg i veg! I denne boka, som er ein kjend diktsyklus av den sentrale skotske lyrikaren og kunstnaren Thomas A. Clark, kan lesaren bli med på ein fottur som strekkjer seg frå morgon til kveld og går frå sjøkanten til fjellet og tilbake. Dikta er forseinkingar, meditative utgangspunkt for å sjå seg sjølv i ein større samanheng. Clark har lenge vore ein aktiv representant for djupøkologien og teke til orde for å erstatta den vestlege tenkinga der mennesket er i sentrum med ei tenking med vekt på naturen. Dette er ikkje skrivebordslyrikk! Rytmane som blir skapte av fysisk aktivitet opnar sinnet, og dikta vil ikkje berre få oss til å sjå omgivnadene, men til å tenkja med dei. i heten midt på dagen er den kjølige fureskogen oppfriskande for menneske og hjort skuggesongane er skire songar gripande gjennom gufs av kulde i mørkninga flyg auga mot lyset for å landa på ei grein og stansa I 2007 ga Nordsjøforlaget ut eit utval av Clarks tidlege dikt I den klare lufta, og i 2009 kom samlinga Om skog & vatn. Også dei blei gjendikta av Per Olav Kaldestad og fekk særs god omtale.

    Thomas A. Clark: Dei hundre tusen stadene
  • Forlag: Nordsjøforlaget
  • Utgivelsesår: 2019
  • Kategori: Poesi
  • Oversetter: Per Olav Kaldestad
  • Lagerstatus:
    Mange igjen
  • Antall sider: 187
  • ISBN: 9788292899342
  • Innbinding: Heftet