Den framtidige tjuven

Eddy van Vliet blei fødd i 1942 og debuterte i 1964 med diktsamlinga Het lied van ik (Egets song), men dei mest lesne og kjente samlingane hans blei publiserte i løpet av åtti – og nittitalet. Han gav ut tretten samlingar medan han levde, og praktiserte fram til han døydde også som advokat i den flamsktalande delen av Belgia. Då han var barn forlet far hans familien og kom aldri tilbake, og i bok etter bok kjem fråveret av faren tilbake som tema. I dikta er kjærleiken ikkje enkel og sviket er alltid muleg. Han blei kritisert for å vere eindimensjonal og sjølvbiografisk. "Eg ergrar meg grenselaust over det despotiske slik må du skrive elles er du ikkje poet, eg kallar det poesiens taliban,” responderte Eddy van Vliet.

 

Dikta hans krinsar ikkje einsamt rundt eigne kjensler. Dei grip tak og er meddelsame. Lesaren er på like fot. Svært mange av dei er kjærleiksdikt. I mange av dei finst eit intenst, men nøkternt nærvere; ein vilje hos det sansande menneske til å la verda ta form i skrift, uansett korleis ho står fram – anten det dreier seg om ein far som sviktar, ein stranda spermkval på dei flamske strendene, eit gammalt sjampanjeglas, ei kvinne som seier farvel, ein setning som skjer som ein kniv når den blir skriven.

 

Eddy van Vliet døydde av hjernesvulst i 2002, 60 år gammal.

Nøkkelord: Poesi Oversettelse Gjendiktning

    Eddy van Vliet: Den framtidige tjuven
  • Forlag: Nordsjøforlaget
  • Utgivelsesår: 2009
  • Kategori: Poesi
  • Oversetter: Tyra T. Tronstad / Finn Øglænd
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • ISBN:
  • Innbinding: Heftet