Råka av røyndom

248,-

Asbjørn Aarnes – einsynt brukar av riksmålet, preses i seksten år i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur – har skrive ei bok på ramaste nynorsk. Har noko hendt han? Det går fram av tittelen at han har vore ute for noko som han sjølv ikkje skynar. Då Dag og Tid vende seg til han, fortel han at det var som det gjekk hol på ei tunne; det rann ut dag og natt og ville ingen ende taka. «Med sansene vendt mot syd», seier Claes Gill i eit dikt. Aarnes har vendt dei mot nord. Dei skarpe tilstandsbilæta og dei dramatiserte samtalane millom personane i boka er som skorne ut or den norrøne sogeveven. Lesaren spør seg: Hugsar han ordrett det som vart sagt, eller set han i scene fritt etter minnet? Ein skal ikkje gløyma at forteljaren debuterte som dramatikar i ungdomen. Eit langt liv har sceneduken vore nede. Er det no gått opp for siste akt i eit sorg-muntert spel med heimekjende og framande aktørar? Har han vorte bergteken – eller er han komen heim?

Asbjørn Aarnes, f. 1923 på Vågbø, Nordmøre. Professor i europeisk litteraturhistorie ved Universitetet i Oslo 1964–1992. Asbjørn Aarnes har skrive ei lang rekkje bøker om norsk og fransk litteratur, millom andre Diktningen hos Gérard de Nerval. Hans estetikk og poesi (1957), Stadier i fransk idéliv (1998), Poesien hos Olav Nygard. Et dikter­album (2004) og Dryadens hind. Om et dikt av Emil Boyson (2004).

Han har òg gjeve ut omsetjingar av fransk og tysk litteratur, millom andre Fortellinger av Franz Kafka (1985), Den filo­sofiske intuisjon av Henri Bergson (1989) og Underveis mot den Annen av og om Emmanuel Levinas (1998). Medredaktør av Idé og tanke 1960–1985. Redaktør av Thorleif Dahls Kulturbibliotek 1978–2001. Preses i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur 1967–1982.

Forvitnelege minne, presise observa­sjonar, skarpt oppdregne situasjonar gøymer seg i smålåtne og uskuldige forteljingar. Hans H. Skei Ordene glir lett og klargjørende, i et rytmisk forløp som kan minne om et morsebudskap. Det er prikk – strek – strek – prikk – prikk – strek i en kontinuerlig strøm av formalt fortettet betydning. Paul Grøtvedt

 

Nøkkelord: Essay

    Asbjørn Aarnes: Råka av røyndom
  • Forlag: Vidarforlaget
  • Utgivelsesår: 2006
  • Kategori: Essay
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • Antall sider: 190
  • ISBN: 8279900594
  • Innbinding: Innbundet

Andre kunder kjøpte også:

Av samme forfatter: