Det vondes blomar

Få diktsamlingar er så ettertrykkeleg blitt fordømde og verdskjende som Charles Baudelaires Les Fleurs du mal. I overgangen mellom romantikk og symbolisme markerte desse dikta sjølve vendepunktet i den europeiske lyrikken, der det moderne storbylivet stig fram, overmåte fascinerande og sorgfullt på same tid. Med denne store samlinga er ei stor gjerning av gjendiktar Haakon Dahlen avslutta for å gjere dette hovudverket tilgjengeleg samla og komplett for fyrste gong. Boka omfattar samtlege dikt frå 1868-utgåva, der dikta i bolken "Vrakgods" er med, og inneheld óg dei seks forbodne dikta fra 1857-utgåva. Det vondes blomar er Charles Baudelaire (1821-1867) sitt hovudverk og er kanskje det lyriske verket som har vore viktigast for moderne europeisk og amerikansk poesi. Baudelaire var óg ein kjend kunstteoretikar i si samtid.

    Charles Baudelaire: Det vondes blomar
  • Forlag: Bokvennen Forlag AS
  • Utgivelsesår: 2014
  • Kategori: Poesi
  • Oversetter: Haakon Dahlen
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • Antall sider: 286
  • ISBN: 9788274884441
  • Innbinding: Heftet