Det svarte sløret

253,-

Utvalet av noveller i denne boka spenner over ein tjueårsperiode i forfattarskapen, frå "Dei dødes koner" (1832) til "Ethan Brand" (1850). Tema som gjentek seg i desse novellene er – som elles i Hawthornes forfattarskap – synd og straff, skuld og skam, og mystiske spørsmål som ikkje får svar.

Hawthornes forteljingar handlar kanskje djupast sett om problema menneska har med å sjå kvarandre. Og ikkje minst, som i den siste novella i dette utvalet, "Ethan Brand", kor vanskeleg det er for oss å sjå inn i våre eigne hjarte. Når denne manglande evna til å sjå og forstå får blande seg med redsle og overtru, kan vi gjerne seie at vi har eit ekstrakt av stemninga frå desse novellene. Ein lesar vil finne at det er eit stort spenn i forteljingane til Hawthorne, ein motsetnad mellom den store forteljargleda hans og det ofte tragiske innhaldet.

 

Nøkkelord: Prosa Noveller Oversatt prosa

    Nathaniel Hawthorne: Det svarte sløret
  • Forlag: Det Norske Samlaget
  • Utgivelsesår: 2003
  • Kategori: Prosa
  • Lagerstatus:
    Mange igjen
  • ISBN: 9788252161991
  • Innbinding: Innbundet

Andre kunder kjøpte også: