Flør

279,-

Eit barnebarn reiser til landskapa bestemødrene har etterlate seg. Regnet har slutta å falle, snøen på fjellet har minka og bølgene filer seg stadig lenger inn i berget.

Barnebarnet går inn i dei gamles hus og ut i naturen som omgir dei. Dei gamle sine røynsler smeltar saman med hennar eigne, og ho ser seg sjølv i det som lever vidare og det som tar slutt. 

Dikta tenker på og snakkar om tid, både slik den måler opp eit menneskeliv og slik vi kan sjå den i jord og stein.

Gjennom sanselege bilde og presis observasjonsevne skapar Krista Lien Indrehus eit sterkt nærvær i minna og erfaringane ho skildrar.

Krista Lien Indrehus (f. 1989) kjem frå Bømlo i Sunnhordland og bur no i Trondheim. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Flør er den første boka hennar.