Psykose 4.48

199,-

I Psykose 4.48 blir det depressive – og suicidale – medvitet framstelt med stor avstand, og samstundes med smertande nærleik. Stykkets skjerande klårleik gjer vondt, men den avklåra forma i stykket gjer at den smertefulle klårleiken blir til å halde ut.

I Psykose 4.48 klarer Kane samstundes å seie noko nytt, og sant, om det å vere menneske, og å skrive fornyande litteratur: Det som i smerta gjer livet leveleg, er kunstens forsonande form.

Psykose 4.48 er spela ei rekkje gonger over heile den vestlege verda, også fleire gonger i Noreg, og kan kallast ein moderne klassikar.

Sarah Kane (1971–99) skreiv berre fem teater stykke, men dei har gitt henne ein sikker plass som dramatikar både i teater- og litteraturhistoria.

Nøkkelord: Drama Skuespill

Av samme forfatter: