Riv av seg ansiktet

279,-

I Martin Ingebrigtsens debutbok kjem gudar og spøkelse på besøk. Dei hermar etter vertane: Dei slaktar, lagar mat og et, dei myrdar og stiftar brann, dei kjøpslår, døyr og gjenoppstår, skiftar form. Temaet for denne burleske handlinga er likevel allmennmenneskeleg: Korleis formar menneska kvarandre, korleis øydelegg vi kvarandre, korleis er vi avhengige av kvarandre? Dikta gir ingen tydelege svar, men prøver å leike seg fram til eit alvor. Universet i boka følgjer grunnregelen i eventyret: Alt står på spel. Utvegane er øydeleggjande død eller smidig overleving.

    Martin Ingebrigtsen: Riv av seg ansiktet
  • Forlag: Det Norske Samlaget
  • Utgivelsesår: 2018
  • Kategori: Poesi
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • ISBN: 9788252195408
  • Innbinding: Heftet