Atlanten

75,-

Atlanterhavet er verdas nest største hav, og dekkar nærmare ein femtedel av jordas overflate. Det skal ikkje mykje til å føle seg liten idet ein flyg over. Som Ruth Lillegraven gjorde tidligare i år, på veg til tre dager på Svalbard. Jobb, ikkje ferie. Innpakka i ein kollektiv identitet (jobben) som ho, der nede, på landjorda, i det vanvittig blå og kvite landskapet, så skriv seg ut av, «frå tidsklemma/ og vaksenklypa … til sjølve eventyret». Berre smak på namnet: Longyearbyen. Og tanken: Ein stad og ei verd du for første gong ser med eigne augo, for første og kanskje siste, kven veit? Og i det skuet, i den vissheta, oppdage Atlanten i ein sjølv, som tankane, kjenslane, handlingane våre («alt dette som vi er vi er vi er») flyg over kvar einaste dag. I Atlanten skriv Ruth Lillegraven dikt om og utifrå det lille kvardagslige eventyret som vi alle er del av frå tid til annan: Nokre få dagar på ein ny, framand stad, «langt/ langt bortanfor landet/ det faste».

Ruth Lillegraven (f. 1978) kjem frå Granvin i Hardanger, og bur no i Lommedalen i Bærum. Ho debuterte med diktsamlinga Store stygge dikt i 2005 og har seinare gitt ut romanen Mellom oss og diktsamlinga Urd, som ho vann Brageprisen og bokbloggarprisen 2013 for, og Manilahallen (2014).

 

    Ruth Lillegraven: Atlanten
  • Forlag: Flamme Forlag
  • Utgivelsesår: 2015
  • Kategori: Poesi
  • Lagerstatus:
    Mange igjen
  • Antall sider: 25
  • ISBN: 9788282881449
  • Innbinding: Heftet