Nokre valsar, gamle og nye.

75,-

"Eg blei beden om å lage ein prolog til opninga av Vossa-jazz. Samstundes kom det spørsmål om eg kunne lage nokre nye tekster til eit originalt tingingsverk som komponisten og musikaren Gabriel Fliflet skulle framføre under festivalen. Han laga då eit konsertverk kalla "Valseria" og eg stod for fire av valsetekstane der. Å bli spurd om å skrive valsar, sette meg i sving på fleire vis. Eg hadde likevel inga aning om kva innhald, stemning eller form Fliflet ville ha, så eg skreiv i veg og leverte ein rotekasse med temmeleg ulike valseforslag oppi. (Naive. Pastisjar. Aparte. Sentimentale.) Som den ukomponistiske person eg er, har eg sjølvsagt berre høyrt andre sine valsemelodiar for mitt indre øyra. Medan Fliflet jo berre har høyrt det han sjølv ville lage og på ingen måte ønskte å bli informert om kva lydar eg høyrde. Såleis har det seg at eg godt kunne setje "til kjend melodi" over diverse av mine tekster." - Einar Økland

    Einar Økland: Nokre valsar, gamle og nye.
  • Forlag: Flamme Forlag
  • Utgivelsesår: 2014
  • Kategori: Poesi
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • ISBN: 9788282880558
  • Innbinding: Heftet

Andre kunder kjøpte også: