Eg er Anjuhimeko

229,-

Hiromi Itō (1955–) er fødd og oppvaksen i Tokyo. Sidan 1997 har ho vore fast busett i Encinitas, California og på Kumamoto, lengst sør i Japan. Ho debuterte i 1982, og har sidan det vore ei av dei viktigaste samtidspoetane i Japan. Diktproduk­ sjonen hennar er nærare presentert i boka Ete pule drite føde drepe blø (dikt i utval, omsett av Ika Kaminka, H//O//F, 2016).

Eg er Anjuhimeko er titteldikt i Itō si diktsamling som vart utgjeven i Japan i 1993. No, 24 år seinare, har vi i samråd med forfattaren valt å gi diktet ut som ei eiga bok, då det stikk seg ut i både stil og omfang. Nynorsk peikte seg dessutan tidleg ut som den best eigna målforma, Eg er Anjuhimeko kravde ein rytmisk og konsentrert stil, med dei korthogde einstavings­ utsegna som berre nynorsk kan by på.

Itō sin forfattarskap har vore i stadig utvikling formelt og tematisk sidan debuten. I perioden 1990–1997 fordjupa ho seg i poesien til dei nordamerikanske indianarane gjennom Jerome Rothenbergs legendariske antologiar Technicians of the sacred og Shaking the pumpkin, og denne interessa innleia ein periode der ho pendla mellom Japan og California, som enda med at ho ytta dit. Etter det ho sjølv har fortalt, vart Eg er Anjuhimeko skriven etter ein mørk periode, etter at ho i eit heilt år hadde fått svaret «nei» på alle spørsmål ho stilte. Dette samanfall med at ho byrja tvila på sitt eige formspråk, noko som kravde litterær ny­ orientering. Eg er Anjuhimeko er difor å rekna for ein gjennombrotstekst i denne samanhengen, i åra etterpå byrja tekstane hennar å verte meir ekspansive og sjangerhybride.

Sjølv om diktet nt kan lesast utan føre­ setnader, er det nokre intertekstuelle trekk ved teksten som fortener ein presentasjon. Formalt er Eg er Anjuhimeko lett å kjenne att for ein japansk.

Design: Eller med a

 

«Det at skriftas magi ligg i at den levandegjer og pustar liv i dei døde teikna og får ei framand røyst til å lyde i lesaren, er kanskje eit innlysande poeng, men det peikar likevel på det overskridande og forvandlande som litteraturen på sitt beste representerer.» – Sindre Ekrheim, Humbaba

 

    Hiromi Ito: Eg er Anjuhimeko
  • Forlag: H//O//F
  • Utgivelsesår: 2017
  • Kategori: Poesi
  • Oversetter: Ika Kaminka
  • Lagerstatus:
    Mange igjen
  • ISBN: 9788293317562
  • Innbinding: Heftet

Andre kunder kjøpte også: