Straumen går

299,-

Straumen kom til meg som ei
kraft
til mine maskiner
dei trong den om natta og på
morgonkvisten og om dagen og kvelden
dei arbeidde for meg og brukte straum
den var over 
meg var i
meg den kom i linjer til
meg gjennom leidningane i mastene til
mine maskiner
straumen i mastene over meg

Med utgangspunkt i dei kalde vintrane 2009–2011 og Statnetts utviklingsplan 2010 har Tormod Haugland skrive eit langdikt om straumen som omgjev oss, som vi lever av og med. Eg'et reflekterer over korleis vatn og regn blir til elektrisitet som sidan vert ført over landet, og vi får prosaiske skildringar av kraftmarknaden i Norden. Samstundes blir eg'et gjennomstrøyma av krafta, den finst i orda han skriv, slik den òg finst i maskinene han skriv på, og også slik blir diktet ein hyllest til den livgjevande straumen.

 

    Tormod Haugland: Straumen går
  • Forlag: Oktober Forlag
  • Utgivelsesår: 2012
  • Kategori: Poesi
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • ISBN: 9788249509287
  • Innbinding: Heftet

Andre kunder kjøpte også: