Fotografi av to som dansar

229,-

"Det første landskapet" er både eit geografisk, personleg, kulturelt, sensuelt og poetisk landskap. Vi følgjer gutens vaknande sans for seksualitet og erotikk, men også for språk og bilete. Det erotiske står sentralt i dikta, det handlar om det ein nesten kan sjå, men ikkje heilt. Det kan dreie seg om det ein gut så vidt får glimt av oppunder skjørtet på ei kvinne. Men det handlar også om korleis tida har ført ein vekk frå barndomslandskapet, og at det berre er til stades hos den vaksne som bilete ein berre delvis hugsar, berre delvis ser. Det er som om dikta gir oss ei slags danningshistorie.

Fotografi av to som dansar teiknar også eit tidsbilete frå ei norsk bygd - og av verda - på denne tida. Dei har både eit opprørsk og eit kjærleg blikk på det tidvis motsetningsfylte bygdesamfunnet, kor ein på den ene sida finn ein sterk bedehuskultur, på den andre framsyningar av pornofilm på låveveggen. Dikta faldar seg ut gjennom bilete, assosiasjonar og kan i si rørsle minne om ein film som glir over den kvite duken.

Øystein Hauge (f. 1956) kjem frå Vegårshei i Aust-Agder. No bur han i Fræna i Romsdal.

Nøkkelord: Poesi Samtidspoesi