Vy

279,-

Margrethe Aas har i arbeidet med Vy dvelt ved byen som busetjing. Korleis utformar vi og forstår vi våre urbane omgivnader, og korleis påverkar dei deretter oss? Kva er kvardagsbyen, som veks ettersom fleire vil bu i den, og kva lengtar vi etter når vi fer på hytta? Kva er det med naturen som vi ikkje kjem utanom, sjølv om vi er i ein by?

Diktsamlinga er i tydeleg berøring med fagområda arkitektur, landskapsarkitektur, urbanisme og byplanlegging – som også er Aas' faglige bakgrunn.

Margrethe Aas (f. 1983) kjem frå Fræna og er utdanna frå Nordland kunst- og filmskole og Arkitektskolen Aarhus. Vy (2015) er debutboka hennar.