Dante: Den guddommelege komedie som teikneserie - Helvetet

Dante: Den guddommelege komedie som teikneserie – Helvetet, er teikna av Marcello Toninelli (f. 1950 i Italia). Dette er ein teikneserieparodi som fyrste gong vart presentert for lesarar i Italia i 1968. Etter nokre endringar kom han ut i bokform i 2004 som Dante: Divina Commedia a fumetti – Inferno, fyrste bok i ein trilogi som fikk stor merksemd i Italia.

Serien inneheld 92 sider med teikneseriestriper i svart/kvitt som fylgjer vegen til Dante gjennom Helvetet, med alt frå ein til seks sider for kvar song i Komedien. Teiknaren Marcello Toninelli har halde seg tett opp til originalen, men har med ein humoristisk vri klart å aktualiserea stoffet og bringa Dante nærare vår samtid.

Teikneserien er omsett av Bodil Moss (f. 1972 på Fåvang, busett i Bergen). Ho har òg skrive eit etterord der ho fortel litt om omsetjingsprosessen. Denne utgjevinga handlar om omsetjing på mange plan, frå ei historisk tid til ei anna, frå eit epos på vers til teikningar med snakkebobler, frå Dantes italiensk til Marcello sin versjon av språket, og til slutt inn i Bodil Moss sin moderne nynorsk.

Serien blei lansert 28. september 2007 i samband med Raptus – Den internasjonale teikneseriefestivalen i Bergen, der Marcello sjølv var tilstades.

Alle originalutdraga i boka er henta frå Magnus Ullelands omsetjing Den guddommelege komedie, 2. utg. frå 2000, Gyldendal Norsk Forlag AS, og gjengjeve med tillating frå omsetjar og forlag.

 

 

Nøkkelord: Tegneserie

    Marcello Toninelli: Dante: Den guddommelege komedie som teikneserie - Helvetet
  • Forlag: TransFe:r
  • Utgivelsesår: 2007
  • Kategori: Prosa
  • Originaltittel: Dante: La Divina Commedia a fumetti – Inferno
  • Oversetter: Bodil Moss
  • Lagerstatus:
    Mange igjen
  • Antall sider: 100
  • ISBN: 9788292635018
  • Innbinding: Innbundet

Andre kunder kjøpte også: