Testamentet & Spreidde balladar

329,-

François Villon (1431-64) vert rekna å vera seinmiddelalderen sin mest betydelege diktar i Frankrike og blir kalla Frankrike sin «første moderne lyrikar». Me vert førde tilbake til 1400-talet og møter dei direkte orda frå ein mann som sit fengsla, dømd til henging. Han evnar å formidla sitt testamente med ein versekunst og eit vidd som er slåande, óg i dag. Me står framfor eit verk som både er spennande og lesverdig og i tillegg har stor litterær- og kulturhistorisk verdi. I følge Hans E. Kinck reiser Villon seg som ein «veldig susende cypres mot himmelen» i vår verdslitteratur. 

Dikta byr på skjemt og alvor, nyting og sorg. Me kan lesa vittig satire om alt frå kongar, rikfolk og juristar til Tjukke Margot frå vertshuset. Og me får eksistensielle og sjølverkjennande dikt frå eit liv på flukt frå fangehol, torturkammer og bødlar. Villon skriv og vakre kjærleiksballadar som "kjærleikens martyr". 

 

    Francois Villon: Testamentet & Spreidde balladar
  • Forlag: Vildanden forlag
  • Utgivelsesår: 2010
  • Kategori: Poesi
  • Lagerstatus:
    Få igjen
  • Antall sider: 229
  • ISBN: 9788299786959
  • Innbinding: Heftet m/klaffer