Levande stein: Kortare prosa og ei hymne

329,-

Det siste tiåret har Jon Fosse skrive nokre få kortare prosatekstar, prenta ulike stader. I Levande stein blir desse tekstane samla i ei bok, saman med hymna «Heilt utan ord». Den nyaste teksten, «Drøymt i stein», blei elles nyleg publisert i vårutgåva av det verdskjende engelskspråklege litterære magasinet Granta. «Språket, som dikting, skal seia det språket ikkje kan seia, men som trua øygnar eller veit. Også difor var og er språket, vårt språk, det språk vi kan i hjarta, staden der vi kan nå både vit og tru», skriv Jon Fosse i opningsteksten «Aasen, Welhaven, Hauge».

Andre kunder kjøpte også: