Morgon og kveld

229,-

Eit barn, som skal heite Johannes og bli fiskar, blir fødd. Ein gammal mann, som heiter Johannes og har vore fiskar, døyr. Mellom dei to ytterpunkta i eit menneskeliv, fødsel og død, spenner denne konsentrert komponerte romanen seg ut i stort format. Johannes' liv er formidla ved dei to punkta, i eit språk som skriv seg inn mot inngangen og utgangen av livet. Den første delen følgjer tankane til Olai, som redd og spent ventar på at kona skal føde han sonen Johannes. Den andre delen er forteljinga om Johannes' veg over til den andre sida, den dagen i livet hans då alt er heilt likt, men likevel heilt forskjellig.

Andre kunder kjøpte også: