Naustet

229,-

Tre dagar ein sommar utspeler det seg ei trekanthistorie mellom eg-personen, barndomskameraten Knut og kona til Knut. Naustet er spennande som ein kriminalroman, skriven i ein repeterande, suggererande stil. Romanen handlar om vennskap, kjærleik, sjalusi og død. Naustet kom ut i 1989 og var eit gjennombrot for Jon Fosse her i landet. Boka er ein av dei sentrale romanane til Jon Fosse, og opningsreplikken har vorte ein klassikar: «Eg går ikkje ut lenger, ei uro er kommen over meg, og eg går ikkje ut.»