Vinduet 1+2/2021: Jubileumsnummer 75. årgang

Eit dobbeltnummer, ei jubileumsutgåve og ein siste seglas med Vinduet som papirskute – Vinduet nr. 1+2/2021 er langt frå eit ordinært eksemplar av Gyldendals tidsskrift for litteratur!

Ei rekke tekstar i dobbeltnummeret gjer nedslag i Vinduets eigen historie, både i form av nærlesingar av einskildnummer og tematiske djupdykk. Tonje Vold les Vinduet i eit postkolonialt perspektiv, Martin Lundell ser på bladets visuelle historie, Sissel Furuseth ser på Vinduets plass i Nasjonalbibliotekets digitale bokhylle – og fire tidlegare Vinduet-redaktørar møtest til samtale om deira tid på Sehestedsplass, og om litteraturkritikkens oppgåver no og i framtida. 

På kva måte digital teknologi og endringar i folks lesevanar påverkar no- og framtidas litterære produksjon går som ein raud tråd gjennom fleire av nummerets tekstar, anten det er Tor Eivind Øverås’ betraktingar om den norske romanen i strøymeteknologiens hundreår, Kari Spjældnes’ blikk på den digitale lesingas gleder og utfordringar eller Ola Morris Innsets vurdering av konsekvensane av Amazons moglege inntog i den norske bokmarknaden.

I ein nyskriven tekst skriv den britiske forfattaren Max Porter om kvifor han elskar norske folkeeventyr, medan Sarah Smith Ogunbona reflekterer kring språkleg fordobling med utgangspunkt i Agota Kristofs tvillingtrilogi og Carina Elisabeth Beddari drøftar lesingar av Nils Aslak Valkeapääs poesi. Ole Øyvind Sand Holth skriv om å vere pandemistranda i Tunis, Nikolai M. Kleivan om Internett som eit fysisk format og Kåre Bulie om kioskens rike litterære univers. Skjønnlitterære bidrag av Johan Harstad, Trude Marstein, Haukur Ingvarsson og Frøydis Solli Simonsen.

Andre kunder kjøpte også: