I den klare lufta

Thomas A. Clark er frå Skottland og er ein framståande figur i nyare engelsk poesi.  Han er fødd i 1944 i Greenock og bur no i fiskarlandsbyen Pittenween i Fife.  Han debuterte med Some Particulars utgitt av The Jargon Society i 1971 og har gitt ut fleire diktbøker og ei rekkje små dikthefte og kort med dikt.  Clark har òg vore oppteken av å utvida grensene for poesien gjennom installasjonar tilpassa ulike stader som galleri, forskjellige offentlege rom eller i landskapet.  Bl.a. har han vist slike verk i Camden Arts Centre i London, Musee d´Arte Moderne i Paris, Centro Culturale de Belem i Lisboa og på Cotswold Way i Gloucestershire.  Frå 1986 til 2002 dreiv han Cairn Gallery i Nailsworth i Gloucestershire saman med kunstnaren Laurie Clark.  Dette var eitt av dei mest respekterte av dei små galleria i samtida, og her blei det vist minimalistisk kunst, konseptkunst og landskapskunst.

Dikta til Clark står i den radikale romantiske tradisjonen i engelsk poesi og har modernismen som formelt utgangspunkt.  Samtidig er innverknaden frå diktarar knytte til zenbuddhismen openberr i denne forfattarskapen.  Vidare spring Clarks dikting ut av ei sterk oppleving av vår aktuelle trong til å nærma oss og ta vare på den naturen som er føresetnaden for menneskelivet.

Thomas A. Clarks utgivingar omfattar elles A Still Life (The Jargon Society,
North Carolina 1977), Madder Lake (Coach House Press,
Toronto, 1981), The Tempers of Hazard (saman med Barry MacSweeney og Chris Torrance, Paladin, London 1993), Tormentil & Bleached Bones (Polygon, Edinburgh 1993), One Hundred Scottish Places (October, Eindhoven 1999), Distance & Proximity (Pocketbooks, Edinburgh 2000), The Path to the Sea (Arc, Todmorden 2005) og ei rekkje hefte og kort med dikt frå hans eige forlag Moschatel Press.

Nøkkelord: Poesi Oversettelse Gjendiktning

Andre kunder kjøpte også: