Siste reisebrev

Gyrðir Elíasson (f. 1961) er ein av dei fremste diktarane i sin generasjon i Norden. Han har fått mange prisar, m.a. Nordisk råds pris i 2011 for novellesamlinga Mellom trærne. I 2016 gav Nordsjøforlaget ut eit breitt utval av Gyrðir Elíassons dikt frå og med den spesielle debuten i 1983 til og med Her veks ingen sitrontre frå 2012. Síðasta vegabréfið kom ut i 2016. Dikta der er varsame, men manande brev ikkje frå, men om den endelege reisa, som alltid er undervegs. Diktaren lyttar seg fram, ser etter teikn og finn dei til dømes i sambandet mellom dei særeigne steinformasjonane Hljóðaklettar (ekkoklippene) på Nordaust- Island og koreansk skrift. Men kan tittelen dessutan vere eit uttrykk for at diktet som sjanger vert meir og meir usynleg? Den islandske tittelen tyder òg “det siste passet”. Kan hende ber han i seg eit håp om ei grenselaus verd der ein ikkje treng pass for å ferdast? Også denne gongen er dikta meisterleg gjendikta av Oskar Vistdal.

Andre kunder kjøpte også: