Store stygge dikt

99,-

Store stygge dikt er ein slags rapport frå ei ung kvinnes liv i Oslo, i perioden august - desember 2004, som og er blanda med hendingar ute i verda og med andre personar og deira historier. Samlinga rommar mellom anna hendingar som trikkedrapet på Bislett i august, Erik Byes død, skypumpa som rasa inn over Oslo 22. oktober og flodbølgjekatastrofen 26. desember. Tekstane flyttar seg frå ein eplegard i Hardanger, til Bislet bad i Oslo til Rotterdam under krigen. Og midt i denne kvervlande straumen, denne skypumpa av hendingar og historier, står eg-et med poetisk energi og språkleg sikkerheit.

Store stygge dikt er ei bok om alt som kvervlar forbi, om alt som plutseleg kan gå i stykker. Det handlar om barndom, om å bli vaksen, om død, men og om gleda over trivielle ting. Det handlar om lengt; om kjærleik som er, som nesten er, som ikkje er lenger. Og det handlar om å prøve å halde saman alt det som kvervlar.

'Store stygge dikt er ikke tette, knappe og ordfattige, slik man gjerne har sett i norsk lyrikk de siste 50 årene. Desto mer overbevist er jeg om at de sier meg noe vakkert og viktig ... Ruth Lillegraven lykkes med å skrive store dikt, varige dikt, som synger og vugger av gårde, uvanlig lange og velskrevne.'
Tom Egil Hverven, NRK

'Kjærkomne tilskudd til en stolt, men noe stivnet tradisjon, og innleder en god høst for nynorsk litteratur ... De beste diktene hennes balanserer hårfint mellom stille sorg og skjelmsk selvutlevering.' Ingunn Økland, Aftenposten

'Langdikt som villefått beatpoeten Allen Ginsberg til å glise i skjegget ... forfriskende å lese.' Arne Hugo Stølan, VG

Nøkkelord: Poesi Samtidspoesi