Mellom 1/2019

Temaet for MELLOM #1/2019 er: OMSETTING OG MUSIKK.

Kva betyr det eigentleg å omsette musikk? Mistar ein ikkje mykje av musikken sitt «ekte sjølv» når ein forsøker å omsette han? Kan musikk omsettast – rett og slett? Vi undersøker forholdet mellom desse to fenomena gjennom seks ulike tekstar.

I dette nummeret skriv blant anna Are Kalvø om omsetning av banning frå engelsk til nynorsk i musikalen Book of Mormon. Annjo K. Greenall har skrive eit essay om «songar på vandring» – Dance With a Stranger på nynorsk, Alf Prøysen på spansk og Bruno Mars på hawaiisk. Poet Charlotte Vaillot Knudsen har skrive ein artikkel om å gjendikte inkje mindre enn 100 000 000 000 000 dikt.

I tillegg får vi Kristin Vold Lexander sin gjendikting av politisk rapp i Senegal, ein svært underhaldande tekst av Per E. Fosser om sitt virke som omsettar av operaar, og mykje meir. Du kan også lese smakebitar frå to latinamerikanske forfattarar i del éin av vår presentasjon av forfattarar frå alle dei fire landa i Latin-Amerika som byrjar på C.

Vi byr også på ein saftig kritikkseksjon, og som ei forlenging av tematikken frå #2/2018, «Omsetting og vondskap», presenterer vi i dette nummeret Anne Stenersen sin artikkel omsettarar i jihadismens teneste.