Mellom 1/2020

Mellom #1/2020 er vigd litteratur frå Sør- og Mellom-Amerika. Illustratør er argentinske Leila Marina (@leilamarinacb).

Tekstar frå Sør- og Mellom-Amerika
Naïd Mubalegh omset eit utval dikt av brasilianske Conceição Evaristo, som hadde sin forfattardebut i 1990, og har sidan gjeve ut poesi, noveller og romanar. Ingrid Melfald Hafredal omset dikt av den dominikansk-amerikanske poeten, skodespelaren og performancekunstnaren Josefina Báez. Debutboka til den no 70 år gamle chilenaren Raúl Zurita kjem i år ut på Kolon Forlag, og gjendiktar Pedro Carmona-Alvarez presenterer dråpar og drypp frå samlinga, som får tittelen Skjærsild på norsk. Jonas Winsnes Solum omset eit utdrag frå Primavera con una esquina rota, («Vår med et ødelagt hjørne») av den uruguayanske journalisten, forfattaren og poeten Mario Benedetti. Chilenske Alejandro Zambra er representert med ein tekst som syner fram den språklege framandgjeringa ei pratande leike kan skape. Teksten med den lokkande tittelen «Balladen om den trespråklige blekkspruten» er omsett av Øyunn Rishøi Hedemann. Argentinske Jorge Luis Borges’ essay om «biletleg fotografi» – møtet mellom «den klassiske målarkunsten og ein oppkomling som fotografiet» – er omsett av Kjartan Fløgstad.

Spalter
I andre utgåve av «Forsking viser» gir Ida Hove Solberg ei kort innføring i utelating og forkorting som omsettingsstrategi. I «Nøtta» tar Anna Kleiva oss med inn i researchens verd. I «Mellom periferiar» presenterer Sigrid Lyse Farstad det gamalirske diktet «Katten og den lærde» frå 800-talet i si norske omsetting.

Kritikk
Siri Fürst Skogmo har lese Tonje Volds Å lese verden. Fra imperieblikk og postkolonialisme til verdenslitteratur og økokritikk. Juan Gutiérrez-Maupomé har lese 6 meksikanske og 6 norske poeter, som er ein poesiantologi redigert av Carina Elizabeth Beddari og Bendik Sandnes Vada, omsett av redaktørane Beddari og Vada, Pedro Carmona-Alvarez og Helene Hovden Hareide. Margunn Vikingstad har lese den nyaste utgivinga av Marguerite Duras på norsk, Det materielle livet, som Silje Aanes Fagerlund har omsett. Maria Kjos Fonn har lese Darcie Wilders seriøst si meg EN person som ikke har issues, som er omsett av Kenneth Pettersen.