Mellom 2/2019

Atle Håland omset novella «Bad Mexican Dog I» av danske Jonas Eika, og skriv om sitt møte med både novella og forfattaren. Novella høyrer til Efter solen, som Eika fekk Nordisk råds litteraturpris 2019 for. Julia Wiedlocha omset dikt av polske Alicja Rosé, som også står for illustrasjonane i nummeret, og Martin Ingebrigtsen gjendiktar eit utdrag av amerikanske Nathaniel Farrell si nyaste utgiving Lost Horizon, og reflekterer kring korleis denne teksten skil seg frå debuten til Farrell, som Ingebrigtsen omsette for Samlaget.

Gina Tandberg skriv om ei omsettingsnøtt ho støytte på i arbeidet med omsettinga av tyske Simon Strauß sin roman Sieben Nächte, Eivind Myklebust skriv om Åse-Marie Nessesi omsetting av Tynset av tyske Wolfgang Hildesheimer, og trekker tankane langs togskiner og rutetabellar. Ida Hove Solberg har omsett ein tekst av den franske historikaren Arlette Farge, som kjem i følge med eit essay av Solberg om arkiv, forsking og følelsar.

Dei fem fransk-omsettarane Thomas Lundbo, Ingse Skattum, Synneve Sundby, Gøril Eldøen og Erlend Wichne jobba i fellesskap under årets Litteraturfest på Lillehammer med å omsette ei utdrag frå romanen Det amputerte minnet av kamerunske Werewere-liking Gnepo. Utdraget står på trykk i følge med eit intervju Wichne gjorde med Gnepounder festivalen.

I nummeret finst også utvalde dikt av iranske Fatemeh Ekhtesari, gjendikta av Nina Zandjani. Ekhtesari har også skrive ein tekst om kva omsettarar og omsetting har å seie for ho som friby-forfattar. Denne er omsett av Christoffer Peder-Ellefsen. Åshild Lappehård Lahn omset eit utdrag frå nigerianske A. Igoni Barrett sin roman Blackass, og skriv om korleis innslag av ulike språk og språkvariasjonar i teksten kan utfordre omsettaren.

I tillegg fullører dette nummeret den litt aparte bolken med tekstar frå latinamerikanske land som byrjar på C. Kaja Rindal Bakkejord omset og skriv om eit utdrag av La hoja de aire av costaricanske Joaquín Gutiérrez og Idun Heir Senstad tar for seg novella «Tatuaje» av cubanske Legna Rodríguez Iglesias.  

Odd W. Surén har skrive ein omtale av Witold Gombrowicz’ Kosmos, omsett av Agnes Banach, og Kim Klevhar tatt for seg David Bowie. Det siste intervjuet og andre samtaler, omsett av Heidi Sævareid. Nummeret inneheld også ein smakebit frå Norsk omsettarleksikon (NOleks), denne gongen skrive av Mette Karlsvik om Ivar Eskeland.

Andre kunder kjøpte også: