Mellom 2/2020

I årets andre nummer av Mellom rører vi oss ved språket sine ytste grenser når Paul Celan -omsettarane Øyvind Berg, Anders Bærheim og Cornelia Simon deler sine erfaringar med å omsette Celan til norsk. Simon og Bærheim tar oss med på ei reise i Celan sine fotspor, mens Berg reflekterer kring sitt virke som gjendiktar – frå Celan til Shakespeare – i spalta «Nøtta».

Celan omsette sjølv store namn, og ein av desse var poeten André du Bouchet. I denne utgåva av Mellom byr forfattar og omsettar Erlend Wichne på eit utdrag frå du Bouchets diktsamling Ici en deux, «Her i to», og eit essay som blant anna tar opp relasjonen mellom Celan og du Bouchet.

Med Frederick Douglass sin tale «Den amerikanske grunnloven og slaven» frå 1860 som bakteppe analyserer kurator, skribent og omsettar Ruby Paloma hendingar som pågår i USA (og i heile verda) i dag. I dette nummeret av Mellom trykker vi òg eit utdrag frå denne heftige talen av ein av USA sine mest kjende afro-amerikanske borgarrettsaktivistar, omsett av Paloma.

Av Benedikt Jager får vi eit innblikk i livet til Alfred Otto Schwede og omsettingsarbeidet på tvers av Berlin-muren, mens Håkon Kaya omset seks dikt av den (i Noreg) relativt ukjende poesien til nederlandske og prislønte Cees Noteboom.

ANDRE SPALTER:

I spalta «Forsking viser» skriv professor Cecilia Alvstad om omsettingsvitskapens relevans for omsettarar, lesarar og redaktørar.

Charlotte Louise Vaillot Knudsen omset eit utdrag frå den eksperimentelle teksten Opéras-minute, «Minuttopera», av Frédéric Forte, der dikta «utspiller seg som på en scene».

Maren Barlien Guntvedt omset den islandske minioperaen Kornið, «Frøet», av Birgit Djupedal og Ingunn Lára Kristjánsdóttir, om ei ung kvinne sitt møte eit latterleg byråkrati.

BOKOMTALAR:

Nina Zandjani skriv om Iraj Pezeshkzads roman Kjære onkel Napoleon, omsett av Mohammad M. Izadi (Solum Bokvennen, 2019).

Naïd Mubalegh melder RUMIfesten av den persiske 1200-tals poeten Jalal ad-Din Rumi, gjendikta av Johannes Gjerdåker, Erling Kittelsen og Syamak Oweisi (Dreyers forlag, 2020).

Ronny Spaans les nyutgåva av Raf de Saegers bibliografi over verk av norske forfattarar i nederlandsk omsetting (Barkhuis, 2019).

Ida Hove Solberg tar for seg dei seks essaya som utgjer bokboksen Autor Chap II (Ideella föreningen Autor, 2020).

Alla fotografia i nummeret er tatt av redaksjonens eiga Julia Skorupska.

Andre kunder kjøpte også: